G11 vann alle kampane sine - avslutta med 9-6 seier mot Florø 2

Tambar Fotball sitt G11 avslutta før sommarferien med 9-6 mot Florø, og gjekk dermed gjennom vårsesongen utan tap.
Trenar for laget er Håkon Svoen og Sturle Standal. I tillegg har desse to trenarane også lag i klassen G12. Trenar Svoen har sendt oss dette refferatet frå kampen mot Florø 2 som vart spelt onsdag kveld:

" Tambar G 11 spelte bortekamp og motstandar var Florø . Kampen gjekk i hallen på Florø idrettssenter. Tambar stilte med alle G11 spelarane.

I byrjinga på kampen verka Tambar litt for forsiktige og Florø gjekk raskt opp i 1-0 leiing.

Tambargutane vart før kampen lova is ved siger, og når trenar minte dei på dette litt uti kampen vakna gutane , dei byrja å jobbe godt var tett oppi Florø spelarane og fekk til ein del gode kontringar. Dette resulterte i at Tambar leia 5-1 over florø til pause.

I starten på 2 omgang sovna Tambar litt igjen. Florø spelte no med 1 spelar meir grunna målforskjell og dette utnytta Florø og vi fekk fort nokre mål imot. Då det nærma seg slutten på andre omgang sovna Tambargutane litt og Florø tok over mykje av spelet. Vidare utover vakna vi att og scora fleire mål. Tambar holdt unna og sluttresultatet vart seier og 9-6 til Tambar.
Innsatsen til laget var stort sett bra i heile kampen og det var mange ulike målscorarar på laget. Det vi såg i kampen når vi slepp inn mål er at laget ikkje er heilt organisert og det vert store rom spesielt bakover. Avstanden frå forsvarsledd til midtbaneledd vert i periodar for dryg og vi får kontringar mot. Men i dag som i alle andre kampar i vårsesongen har dette G11 laget vore best og vunne sine seriekampar.

Ein flott avslutning for G11 gutane i dag. "

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse