G11 avslutta sesongen med god kamp mot Førde

Tambar Fotball sitt G11-lag spela mandag sin siste kamp for sesongen, då dei spela mot Førde på bortebane.
Laget har heile sesongen spela mot eit år eldre gutar, noko Tambargutane har gjort på ein flott måte. I samtlige kampar har laget vore heilt på høgde med motstandaren, og laget har hatt ein flott utvikling denne sesongen.

Trenar Sturle Standal har sendt oss denne raporten frå lagets siste kamp mot Førde:

" G 11 kamp i Førde måndag.

Førde – Tambar 5-4 (3-2)

Siste kamp for gutar 2003 enda med eit knepent tap.
Tambar spela ein god kamp, kunne fått uavgjort etter
nokre fine sjansar på slutten av kampen.
Men alt i alt ein god kamp og ein lærerik sesong
for desse gutane som har vore eit år yngre enn
sine motstandarar.
Desse var med: Aleksander Norbotnen(1 mål), Fredrik Herstad,
Mathias Aven, Vidar Standal (1 mål), Odin Svoen (1 mål, straffe),
Aleksander Solheim, Martin Personbråthen (1 mål), Matias Vonen
og Benjamin Gauksrud. "

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse