G11: Resultat frå Førde Cup og seriekamp

Tambar sitt G11 lag deltok sist helg på Førde Cup, der laget gjennomførte 5 jamne kampar og laget fekk både seier og tap.
Mandag spela laget seriekamp mot Florø.

Trenar for laget, Sturle Standal, har sendt oss desse oppsumeringane frå lagets aktivitet:


FØRDE CUP 7.SEPTEMBER
Tambar sine 2003 gutar stilte i G.10 klassen og spela 5 jamne kampar
som enda med to sigrar og tre tap.
Tambar mot Høyang 2-3, Kaupanger 1-3, Flatene 2-0, Slåtten 3-2,
og Florø 1-3.

Tambar stilte med desse spelarane: Aleksander Solheim, Fredrik Herstad (4 mål),
Odin Svoen (1 mål), Aleksander Norbotnen (1 mål), Jørgen H. Haugen,
Benjamin Gauksrud (2 mål), Mathias Aven, Simon Personbråthen (1 mål)
og Marius F. Aase



TAMBAR – FLORØ 3-9 (1-2)
Etter ein god første omgang av Tambargutane vart det ein
tøff 2. omgang mot større Florøgutar.

Tambar kunne gjerne leia etter første omgang hadde vi vore
litt meir tolmodige framfor mål.

Utover i andre omgang tok kreftene etter kvart slutt og
Florø putta på mange mål på slutten.

Desse stilte for Tambar: Fredrik Herstad, Aleksander Solheim,
Aleksander Norbotnen, Mathias Aven (1 mål), Odin Svoen (2 mål),
Simon Personbråthen, Marius Aase, Matias Vonen, Benjamin
Gauksrud og Jørgen H. Haugen.

God dommer var Thomas Personbråten.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse