God kamp av Tambar sine G11 mot Florø

Tambar G11 etter kampen. Foto: Beate Christine Gauksrud

Tambar Fotball sine G11 hadde flytta heimekampen sin til Florø mandag ettermiddag, på grunn av arbeidet som pågår på stadion denne veka. Men det såg ikkje å gjere noko for Tambargutane, som ifylje trenarane spela sin beste kamp for året.

Vi har vore innom Facebooksida til G11, og har klippa ut kva trener Håkon Svoen har skreve om kampen.

" I går spelte gutane ein veldig god serie-kamp mot Florø.
Stillinga vart Tambar 4- Florø 3

Tambar leia 3-0 til pause og styrte mykje av 1 omg.
I starten på 2 omgang vart vi pressa av Florø som fekk inn 3 mål, men mot slutten av omgangen skjerpa Tambargutane seg og henta fram dei siste kreftene som resulterte i 1 mål, stolpeskudd og godt spel.
Spelarane kjempa godt i begge omgangar, men vi merka at dei vart slitne i 2. omgang og det er lov når ein kjempar slik som gutane gjorde. Innsatsen var nok den beste laget har synt i seriespelet i år, og vi vonar den fortset framover. Det er ialefall ikkje tvil om at dei kan visst dei vil!

På laget spela: Fredrik Herstad, Vidar Standal, Benjamin Gauksrud,
Mathias Lunde Aven, Matias Vonen, Alexsander Norbotnen,
Aleksander Solheim, Lars Reiakvam og Odin Svoen. "

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse