G11: Tambar med jamn kamp mot Førde 1

Tambar Fotball sine 10 åringar, som spelar seriefotball i klasse G11 i år, var i aksjon mot Førde 1 på bortebane mandag.
Trenar Sturle Standal har sendt oss denne kamprapporten:

" Førde 1 - Tambar 4-1
I ein for Tambar sin del rotete 1. omgang gjekk Førde opp i 3-0 etter
fleire enkle mål.
Tambar sjerpa seg til 2. omgangen og Vidar Standal reduserte til 3-1
med eit flott skot. Like etterpå gjekk Førde opp i 4-1.
Fleire mål vart det ikkje, men Tambar hadde fleire sjansar til å score. "

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse