Gut/Jente 2003 er pauselag når Sogndal møter Brann på søndag

Trenarteamet Sturle Standal, Ronny Herstad, Håkon Svoen og Jan Kåre Rygg tek med seg spelarane sine til Sogndal og Fosshaugane Campus fyrstkomande søndag. Gute- og jentelaget i klasse 2003 har nemlig fått oppgåva å være ballhentarar i storkampen mellom Sogndal og Brann.

I tillegg til å være ballgutt, skal Tambarlaget også være pauselag, og vil få det desidert største publikum dei nokon gong har spelt framfor. Det er nemlig venta i overkant av 5000 publikummarar til kampen på Campus, så dette vert heilt klart ei oppleving for dei unge spelarane frå Naustdal.

Kampen mellom Sogndal og Brann er hovudkamp på TV 2 på søndag og startar kl.19.00. Om du ikkje skal til Campus denne kvelden, benk deg framfor TV`n og få med deg ein spennande kamp. Kanskje ser du nokre unge fotballspelarar frå Tambar i tv-ruta òg.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse