Flott start for Tambar sitt G11-lag

Tambar Fotball sine 10 åringar stiller denne sesongen med lag i serien i klasse G11, og laget har allerede unnagjort to kampar. Ein av trenarane for laget, Sturle Standal, seier dette om seriestarten:


" Gutar 2003 har valt å prøve seg i guteserien G11 denne sesongen pluss å vere med i Kongleriketurneringane.
Første kamp var på heimebane mot Førde 1 måndag 22.04.
I denne serien vil vi stort sett møte eit år eldre gutar så vi var spente på første kamp.
Det vart seier 7-3 til Tambar etter godt spel i 1. omgang, litt meir rotete i 2. omgang.

Målscorarar for Tambar var Fredrik Herstad (2), Odin Svoen, Vidar Standal, Matias Vonen, Alexsander Nordbotnen.
Usikker på den siste.
Ellers spelte: Aleksander Solheim, Mathias Aven, Lars Reiakvam, Jørgen Hove Haugen og Benjamin Gauksrud.


Kamp borte måndag 29.04 mot Florø 3.
Her møtte vi 2002 gutar som trenar 4 ganger i veka stort sett heile året.
Og gutane møtte mest sansynleg det beste laget i avdelinga og fekk seg ein skikkeleg leksjon i god fotball.
Det vart stortap 1-13 og litt å tenke på for Tambargutane.

Målscorar for Tambar var Vidar Standal.
Som ein av gutane sa etter kampen (Aleksander Solheim), det var bra vi fekk eit mål.

Neste oppgåve for gutane er å vere pauselag/ ballgutar i Sogndal – Brann søndag5.mai.
Dei gler seg. "

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse