A-laget klar for ny sesong

Bilde: Jubel etter scoring på stadion sesongen 2018.

Det var nære på at vi måtte trekke seniorlaget frå årets seriespel. Men med iherdig jobbing, har ein fått på plass mange nok spelarar.


Det har den seinare tid vore usikkert om ein skulle klare å stille med a-lag denne sesongen. For etter sist sesong fekk a-laget mange avganger, noko som medførte ein svært tynn spelarstall heilt til det siste.
Det har no vorte jobba hardt for å fortsatt halde liv i laget, og det er difor gledeleg at ein har fått til dette.


Laget har fortsatt plass til fleire spelarar og fotballgruppa kan kontaktast om ein ynskjer å være med. 

Vi gleder oss til nok ein sesong med a-lags-fotball på Naustdal stadion !

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse