Tambar tapte mot Hyllestad/Dale 2 - Tempo avdelingsvinner

Tambar åpna friskt, men måtte sjå seg slått av Hyllestad/Dale 2 i sesongavslutninga.

Tambar fekk ein knall start på sesongens siste kamp, og leda 2-0 mot Hyllestad etter dei fyrste 15 spelte minuttane.
Men gjestane kom sterkt tilbake og utligna kjapt til 2-2 og vann til slutt kampen med heile 5-2.

6.divisjon avd.2
Tambar-Hyllestad/Dale 2 2-5 (2-4)

1-0 Michael Johannessen
2-0 Iben Munkvold
2-1 Hyllestad/Dale 2
2-2 Hyllestad/Dale 2
2-3 Sjølvmål
2-4 Hyllestad/Dale 2
2-5 Hyllestad/Dale 2

Med scoringar av Michael og Iben i løpet av det første kvarteret, ser det lyst ut for Tambar denne regntunge kvelden på Naustdal stadion.
Men feil i Tambarforsvaret og eit sjølvmål, gjer at gjestane frå Hyllestad snur kampen til 2-3 på kort tid i første omgang.
Og når Hyllestad/Dale 2 aukar til 4-2 kort tid før pause, vert utgangspunktet vanskeleg i andre omgang.

Og andreomgangen vart meir sjansefattig enn omgangen før, og det einaste målet kom til gjestane, som fastsette resultatet til 2-5 etter eit godt utført frispark.

-Tempo avdelingsvinner -

I Eikefjord var det seriefinale mellom Eikefjord og Tempo. Her var det gjestane frå Florø som kunne juble, etter at laget vann 1-0.
Dermed vert Tempo vinnar av 6.divisjon avd.2 og rykker med det opp i 5.divisjon.

Vi gratulerer Tempo!

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse