A-laget avslutter sesongen heime mot Hyllestad/Dale 2 tysdag kveld

Bilde: Tambar a-lag 2018.

Siste sjanse til å sjå Tambar a-lag denne sesongen. Møt opp og støtt laget!

Det er haustferie for dei fleste laga til Tambar Fotball denne veka. Men ein kamp vert spelt på Naustdal stadion. Tambar sitt a-lag avslutter årets sesong tysdag kveld, og møter då Hyllestad/Dale 2.
Før kampen står begge lag med 24 poeng, og Tambar ynskjer nok revansje frå det forsmedelige 0-7 tapet dei hadde i Hyllestad i vår.

I Eikefjord vert det nabo-oppgjer når heimelaget tek imot Tempo. I tillegg vert det ein avgjerande kamp om kven av desse to laga som kan titulere seg som avdelingsvinner etter 90 spelte minutter.

Kampar 6.divisjon avd.2 tysdag 9.oktober:

Tambarskjelvar - Hyllestad /Dale 2 
Kl.19:00 - Naustdal stadion

Førde 3 - Fure  
Kl.19:00 - Våge stadion

Florø 3 - Gaular  
Kl.19:00 - Florø kunstgras

Eikefjord - Tempo 
Kl.19:00 - Eikefjord krøllgras

Svelgen /Bremanger 2 - Askvoll/Holmedal 
Kl.19:00 - Svelgen stadion

 

Tabell 6.divisjon avd.2 før siste serierunde:

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse