Tipp resultatet i kampen Tambar-Eikefjord

Tambar møter Eikefjord til lokalderby i 6.divisjon på stadion tysdag.

Tysdag kveld blir det lokalderby på Naustdal stadion, når dei oransjekledde frå Eikefjorden møter Tambar i 6.divisjon avd.2.

Naboane frå Eikefjorden har starta sesongen best og ligg eit lite hestehovud føre Tambar på tabellen før tysdagens kamp. Men her kan trener Geir Hoff og Tambarlaget ete seg godt innpå både gjestane og teten i divisjonen med ein seier denne kvelden.

Etter fire kampar står Eikefjord med full pott og 12 poeng, medan Tambar har sanka 7 poeng etter 2 seierer, 1 uvgjort og 1 tap.
Berre for å nemne det, så er Tambar sine to seierer kome på heimebane.

Alle resultat og tabell i 6.divisjon

TIPP RESULTATET I KAMPEN TAMBAR-EIKEFJORD

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse