Tipp resultatet i kampen Tambar-Gaular

Sesongstart på Naustdal stadion tysdag 17.april kl.19:00.

I morgon er det klart for sesongstart i 6.divisjon, og vi er spente på årets Tambarlag som i år er ein fin miks av unge og noko eldre spelarar. Lagets motstander i årets fyrste seriekamp er Gaular.

Tambar har tidligare i år delteke i Eikefjord Cup, der laget viste mykje positivt og spelemessig hang laget bra med i kampar mot Anga, Tempo og AHIL.
I treningskampane mot Svelgen og Hyen i vår, har laget ein uavgjort (4-4) og ein seier (3-2).

Med gode treningar dei siste vekene, har vi trua på at laget bit godt frå seg i sesongpremieren på stadion.

Laget frå Gaular veit vi lite om, og kjenner ikkje til resultat fråd eira treningskampar i vinter. Laget spelte i 5.divisjon sist sesong, og rykka altso ned i 6.divisjon i fjor haust.

Bli med å tipp resultatet i kampen Tambar-Gaular. Avslutta!

Tippekonkurransen er åpen for alle og er sjølvsagt gratis. Premie: Stor Peppes Pizza!

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse