Tambarkeeper avgjorde kampen med tre strafferedningar

Tambar vann dagens kamp mot AHIL, og enda på 5.plass i Eikefjord cup, etter at laget vann straffesparkkonkurransen.

Tambar tok 5.plassen i årets Eikefjord cup, etter at laget vann mot Askvoll/Holmedal i dag. Kampen måtte avgjerast på straffesparkkonkurranse, då resultatet etter ordinær tid var 2-2.

Tambar spela ein bra fyrste omgang og hadde bra kontroll på karane frå Askvoll. Laget går opp i 1-0 etter at Espen med lissepasning til Sander på høgrekanten. Med strøkent innlegg frå Sander, ekspederer Iben ballen i nota.

Andre omgang vert meir rotete frå Tambar si side, og Askvoll/Holmedal går opp i 2-1 leiing i løpet av ein 5 minutters periode midtvegs i omgangen. Dei to stjernetreffa frå Askvollspelaren var stort sett det det einaste Tambarkeeper Markus vart sett på prøve i kampen.

Tambar utligna heilt på tampen av kampen, då Sigve fekk sett ballen i mål etter mykje klabb og babb i forsvaret til gjestane.
Resultatet holdt seg heilt til dommaren blåste av kampen, og med 2-2 og uavgjort vart det klart for straffesparkkonkurranse mellom laga.

Her vart Tambarkeeper Markus den store helten, då han med tre avgjerande redningar gjorde at Tambar vann kampen og enda med det på 5.plass i årets Eikefjord cup.

BILDER FRÅ Eikefjord cup.

Kamp om 5. og 6.plassen

Tambar-Askvoll/Holmedal 2-2 (0-1) (3-2 straffer)
1-0 Iben
1-1 AHIL
1-2 AHIL
2-2 Sigve

Tambar sine mål på straffer: Martin, Espen og Sander.

Tambar:

Markus Cirotzki
Aleksander Fauske
Vetle Kyte
Martin Hukset
Henrik Aase
Sander Nordheim
Odin Vonen
Michael Johannessen
Tristan Carlsen
Ali Adam
Ali
Esseyas
Iben Munkvold
Marius Hallem
Espen Langedal
Sigve Longvastøl
Jesper Tomassen

 

BILDER FRÅ Eikefjord cup

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse