Tambar deltek i Eikefjord Cup komande helg

Bilde: Espen Langedal tek imot pokalen etter finaletapet i 2016.

Tambar sitt a-lag deltek i Eikefjord Cup for tredje året på rad, der laget i 2016 tok sølv etter finaletapet mot vertsklubben.

Tambarskjelvar sitt a-lag deltek i årets Eikefjord Cup, som tradisjonen tru vert arrangert på kunstgraset i Eikefjord Palmehelga. Årets Eikefjord Cup er den 36. i rekka, og kan med rette kallast ein tradisjon for fotballen i nabobygda.

Som tidligare år, har arrangørane invitert fem andre lag til årets cup, i tillegg til sitt eige lag. Tambarskjelvar og trener Hoff er sett i same pulje som divisjonskollega Tempo og 5.divisjonslaget Anga.

I den andre pulja finn vi arrangørklubben ilag med Jølster og Askvoll/Holmedal.

Kampane vert spelt slik:

PULJE 1: Anga – Tempo – Tamarskjelvar

PULJE 2: Jølster – Eikefjord – Askvoll / Holmedal

 

LAURDAG 24. mars

Kl. 10:00 Tempo – Tambarskjelvar
Kl. 11:15 Eikefjord – Jølster
Kl. 12:30 Anga – Tambarskjelvar
Kl. 13:45 Jølster – Askvoll og Holmedal
Kl. 15:00 Tempo – Anga
Kl. 16:15  Eikefjord – Askvoll og Holmedal

*Kampane laurdag spelast 2×30 min.

SØNDAG 25. mars

Kl. 11:00 Kamp om 5. og 6. plass
Kl. 13:00 Bronsefinale
Kl. 15:00 Finale

*Kampane søndag spelast 2×45 min.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse