Tambar vann 3-1 borte mot AHIL

Med scoringar av Jesper Tomassen, Issayas Fanuel Efrem og Eirik Engen Skadal tok a-laget sin første seier i haust.

Etter to knepne tap og ein uavgjort i haustens tre første kampar, smakte det godt med ein seier att for trener Hoff og spelarane.
I bortekampen i kveld hadde laget grei kontroll på Askvoll/Holmedal, og kunne returnere til Naustdal med 3-1 seier og tre poeng. Både Issayas og Eirik sette inn sine første mål for sesongen i kveld, medan Jesper kom opp på tre scoringer etter eit mål i kveldens kamp.

6.divisjon avd.2

Askvoll/Holmedal-Tambar 1-3 (0-3)
0-1 Jesper Tomassen
0-2 Issayas Fanuel Efrem
0-3 Eirik Engen Skadal
1-3 AHIL

 

Les meir på a-laget si heimeside


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse