Tipp resultatet Tambar-Askvoll/Holmedal - vinn pizza frå Peppes

Bli med og tipp resultatet i 6.div kampen mellom Tambar og Askvoll/Holmedal. Tipparen som tipper rett sluttresultat, blir vinnar av ein

VALGFRI PIZZA FRÅ PEPPES !

Ved fleire med rett tips på sluttresultat, blir vinnaren den som tippar rett kor tid fyrste scoringa kjem i kampen, evt den som er nærast rett scoringstidspunkt.

Kampdag: Tirsdag 9.mai kl.19:00

Stad: Naustdal stadion

Frist for å være med å tippe: Tirsdag 9.mai kl.19:00.

Premien er sponsa av PEPPES PIZZA FØRDE !

MERK! Kvar tipper kan kun levere eit tips. Tippar med fleire tips vert annulert.

LEGG INN DITT TIPS HER

Tambar spelar sin fjerde kamp for sesongen, då laget møter Askvoll/Holmedal til kamp i 6.divisjon på tysdag. Dette er Tambar sin tredje heimekamp på rad, og laget har enno til gode å avgi poeng på Naustdal stadion. Til gode å avgi poeng har dei for så vidt også på bortebane, då dei vann sin einaste spelte bortekamp så langt.

Askvoll/Holmedal har hatt ein noko trøblete start på sesongen, og tapte sine tre første kampar. Ein liten opptur fekk laget frå Askvoll då dei slo erkefiende nummer ein, Atløy, 4-0 i forrige serierunde.

Tambar står med full pott etter greie seierer mot Førde 3 og Høyang 2 i dei to første kampane. Meir motstand vart det for laget til trener Geir Hoff i den siste serierunden, då Fure gjesta Naustdal stadion. Men ein godt gjennomført kamp og ei flott scoring etter ein glimrande kontring, gjer at Tambar har til gode å avgi poeng i årets sesong.

Tambar sine siste kampar:
Førde 3-Tambar 2-6
Tambar-Høyang 2 5-1
Tambar-Fure 1-0

Askvoll/Holmedal sine siste kampar:
AHIL-Tempo 0-4
Hyllestad/Dale 2-AHIL 7-3
AHIL-Fure 1-5
AHIL-Atløy 4-0

LEGG INN DITT TIPS HER


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse