Tambar med sin tredje strake seier i kveld

Tambar står med full pott etter sin tredje strake seier, då laget vann mot Fure på Naustdal stadion tysdag kveld.

Trenar Geir Hoff sine spelarar vann kampen 1-0, etter ein glimrande kontring som var teken ut av fotballens A-B-C lærebok. Og match-vinner vart ikkje overraskande laget toppscorer Sigve Heggedal Longvastøl.

Tambar toppar med kveldens resultat tabellen med 9 poeng.

 

6.divisjon avd. 2

Tambar-Fure 1-0 (0-0)
1-0 Sigve Heggedal Longvastøl

Dommer: Vårdal, Askvoll/Holmedal

Tambar:

Markus Hjelle Cirotzki 
Thomas Dobbe Personbråten 
Eirik Engen Skadal
Marius Hallem 
Gunnstein Vefring
Alexander Fauske Helgås  
Vetle Holsen Kyte 
Martin Hukset  
Sigve Longvastøl 
Mathias Gamlestøl 
Jesper Tomassen 
Issayas Fanuel Efrem  
Andreas Vatne
Joachim Engebø  
Jørgen Helgheim
Nikolai Andal

BILDER FRÅ KAMPEN 

 

Eit rimeleg bra Furelag tok tidlig initiativ i kampen, og fekk litt for lett spel mot eit ubeseira Tambarlag. Og tilskuerne på tribuna meinte tydlegvis at om laget skulle ta sin tredje seier, måtte laget opp eit hakk eller to.

Først ut i andre omgang fekk vi sjå at laget hadde planer om å ville vinne denne kampen. Laget vann fleire dueller og lot ikkje Furespelarane få så mykje rom og tid som dei fekk i første omgang.

Litt meir «fyr» vart det i Tambarlaget etter den flotte scoringa som resulterte i mål og 1-0 leiing. I perioder fekk vi sjå eit hardtarbeidande lag, som etterkvart kom til fleire målsjanser. Men eit rimeleg godt Fureforsvar, gjorde det vanskeleg for heimelaget og fleire mål fekk vi ikkje.


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse