Tambar på tabelltopp etter seier mot Høyang 2 i kveld

Bilde

 

6. divisjon avd. 2

Tambar-Høyang 2 5-1 (3-0)

1-0 Sigve H.Longvastøl
2-0 Mathias Gamlestøl
3-0 Sigve H.Longvastøl
4-0 Alekander F.Helgås
5-0 Sander K.Nordheim
5-1 Høyang 2

Dommer: Ragnar Åmot, Jølster IL.

Bilder frå kampen

Tambar:
Thomas Personbråten 
Markus Cirotzki
Eirik Skadal  
Gunnstein Vefring  
Alexander Helgås  
Vetle Kyte 
Martin Hukset  
Sigve Longvastøl 
Sander Nordheim 
Mathias Gamlestøl 
Jesper Tomassen 
Issayas Fanuel Efrem  
Andreas Vatne
Joachim Engebø  
Jørgen Helgheim

Tambar tok sin andre seier i årets 6.divisjon og står med full pott etter seier mot Høyang 2 på Naustdal stadion tirsdag kveld.

Og laget starta friskt mot laget frå Høyanger, for før kvarteret var gått leda nemlig karane til trener Hoff heile 3-0. I tillegg til måla, var vi vitne til to stolpeskot bak Høyangkeeperen dei første 15 minutta.

Lagets toppscorer, Sigve H. Longvastøl, var frampå med kveldens første scoring berre 5 minutter etter at dommer Ragnar Åmot hadde blåst kampen i gang. Tambar var aggresive og angrepsvillige i starten av kampen, og berre få minutter etter Sigve si scoring, går heimelaget opp til 2-0, etter nettkjenning av Mathias Gamlestøl.

Laget fortsette presset mot eit lettare sjokkert Høyang-lag, og berre stolpen står i vegen då Sigve på ny er frampå og er nære på og aukar leiinga til 3-0. Men ei ny scoring var ikkje langt unna, og på ny er det Sigve som er på farta då han set sin andre ball i mål for kvelden, og 3-0 er eit faktum.

Utover omgangen kjem Tambar til mange målsjanser, der blant anna eit skot frå Sigve på ny treff målstanga bak Høyangkeeperen. Men utur og litt for lite presisjon i avslutningane, gjer at det ikkje blir fleire mål i omgangen, og laga går til pause med 3-0 til Tambar.

I andre omgang gir Tambar gjestane lov å kome meir inn i kampen. Høyang 2 kjem til nokre sjanser som kunne vorte ubehageleg for heimelaget, men som ikkje resulterte i mål.

Tambar tek over initiativet i kampen utover omgangen, og fortsette å skape trøbbel i Høyangforsvaret. To flotte mål vart det til Tambar i andre omgang, signert Aleksander F. Helgås og Sander K. Nordheim.

På tampen av omgangen fekk gjestane sitt trøstemål, etter at Tambarforsvaret hadde rota det litt til for seg sjølve.

Dermed har gutta til trener Hoff full pott etter dei to første seriekampane, og ligg med det på toppen av tabellen. Unge hr. Longvastøl har verkeleg fått målteft denne våren, og er lagets toppscorer med fem mål så langt.

Neste kamp for Tambar er nok ein heimekamp. Tysdag 2.mai kjem Fure på besøk til Naustdal stadion.

Resultat og tabell

 

 


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse