Sigve med hat trick då a-laget starta sesongen med seier

Trener Geir Hoff og a-laget fekk ein god start på årets sesong då laget kunne returnere frå Førde med ein konfortabel seier i kveld. Men det var Førdelaget som kom best i gang, og gjekk i leiinga etter berre få minutter spel.

Men Tambar kom etter kvart i siget, og med blant anna hat rick av Sigve H.Longvastøl, kunne laget gå av bana med ein konfortabel 6-2 seier.

6.divisjon avd.2

Førde 3-Tambar 2-6 (1-4)

1-0 Førde
1-1 Martin Hukset (str)
1-2 Sigve H.Longvastøl
1-3 Sigve H.Longvastøl
1-4 Sigve H.Longvastøl
2-4 Førde
2-5 Jørgen Helgheim
2-6 Sander K.Nordheim

Tambar:

Markus Cirotzki 
Thomas Personbråten
Eirik Skadal 
Marius Hallem
Gunnstein Vefring
Alexander Helgås 
Vetle Kyte
Martin Hukset
Sigve Longvastøl 
Sander Nordheim
Mathias Gamlestøl
Jesper Tomassen
Issayas Fanuel Efrem 
Joachim Engebø 
Jørgen Helgheim

 BILDER FRÅ KAMPEN

Med eit mål midt i fleisen etter berre minuttet spelt, var det langt ifrå noko god start for dei svartkledde Tambarspelarane i solskinnet i Hafstadparken denne ettermiddagen. Men laget rista fort av seg baklengsmålet, og tok etterkvart over komandoen i kampen mot laget som dei vann 3-0 mot i ein treningskamp tidligare i vinter.

Omgangens store spelar vart utvilsomt tremålsscorer Sigve H.Longvastøl, som også har vist god målteft i treningskampane for Tambar i vinter. Dei tre måla i fyrste omgang var det verkeleg sus over, og i tillegg var han også frampå og skaffa Tambar straffespark etter å ha blitt felt på veg gjennom Førdeforsvaret. Straffesparket sette kveldens Tambarkaptein, Martin Hukset, iskaldt og sikkert i mål.

I tillegg til mange og flotte mål, viste Tambarlaget mykje fint spel og gode kombinasjoner ute på bana i denne omgangen. Dette resulterte i ein heil del gode målsjanser, der utur og ein heldig Førdekeeper gjorde at det ikkje stod fleire mål i protokollen til pause.

Andre omgang vart ikkje like velspelt som 1.omgang, og vi fekk sjå mindre til den vespelte og blendande fotballen frå fyrste omgang. Men periodevis glimta det også til i denne omgangen, og med Issayas sin «kjeling» med ball er ofte fin og sjå på, der han lurer av den eine frustrerte motspelaren etter den andre, før han serverer ein lur og snedig pasning. Det mangla ikkje på målsjanser heller i denne omgangen, men det vart berre halvparten av det som vart scora i første omgang, etter Jørgen Helgheim og Sander K.Nordheim sine to scoringar.

I tillegg til dei åtte måla i kampen, vart det også ein straffebom til kvart av laga.

Med 6-2 seier og sine fyrste tre poeng, fekk Tambar ein god start på sesongen. Laget spela jamt over ein god kamp, der særlig dei fyrste 35 minutta var gode.

Neste kamp for Tambar er heimekamp mot Høyang 2 tirsdag 25.april kl.19:00.


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse