Tambar deltek på Eikefjord Cup i palmehelga

Palmehelga, lørdag 8. og søndag 9.april, går Eikefjord Cup 2017 av stabelen for 35.gong.

A-laget til Tambar er også invitert til årets cup på kunstgraset i Eikefjorden, der trener Geir Hoff og Tambar tok med seg sølvbøtta i fjor.

Les om Eikefjord Cup 2016

Til årets Eikefjord Cup er fyljande lag med: Tambar, Florø 2, Svelgen, Jølster, Tempo og Eikefjord. Puljene og kampoppsettet er no klart.

PULJE 1: Tempo – Florø 2 – Tambar

PULJE 2: Eikefjord – Jølster – Svelgen

 

LAURDAG 8. april
Kl. 10:00 Tempo – Florø 2
Kl. 11:15 Eikefjord – Jølster
Kl. 12:30 Florø 2 – Tambar
Kl. 13:45 Svelgen – Jølster
Kl. 15:00 Tempo – Tambar
Kl. 16:15  Eikefjord – Svelgen

*Kampane laurdag spelast 2×30 min.

SUNDAG 9. april
Kl. 11:00 Kamp om 5. og 6. plass
Kl. 13:00 Bronsefinale
Kl. 15:00 Finale

*Kampane sundag spelast 2×45 min.


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse