A-laget vann nok ein treningskamp - 3-0 mot Førde 3

Treningskamp Naustdal stadion

Tambar-Førde3 3-0 (3-0)
1-0 Sigve Longvastøl
2-0 Eirik Skadal
3-0 Sigve Longvastøl

Dommer: Krister Smådal, Førde IL

Tambar sitt a-lag møtte torsdag kveld divisjonskollega Førde 3 til treningskamp på Naustdal stadion, og der det vart nok ein seier i ein treningskamp for det unge Tambarmannskapet.

Tambar tok raskt kontroll på kampen, og allerede etter kvarteret spelt fekk vi kampens første scoring. Eit hærlig mål av Sigve H.Longvastøl, som ekspederte ballen i mål på heil volley etter innlegg frå høgrekanten.

Berre få minutter etter 1-0 målet får vi mål nummer to for Tambar. Denne gongen er det Eirik Skadal som demper ballen på kassa, let ballen sprette ein gong i bakken før han med venstre foten dunkar ballen i mål, via høgre målstang.

3-0 vert det til Tambar då Sigve er frampå igjen. Denne gongen med eit knallhardt skot frå 8-10 meter, som målvakten til Førde er sjanselaus på.

Tambar beheld initiativet stort sett i heile kampen, og viser mykje bra spel mot eit rimelig bra Førdelag. Sjølv om det vart mållaust i andre omgang, kom laget til fleire gode målsjanser. Også gjestane spela seg fram til nokre målsjanser, men Tambarkeeperane gjorde jobben sin i kveld.

Tambar:
Thomas Personbråten
Markus Cirotzki
Eirik Skadal
Gunnstein Vefring
Alexander Helgås
Vetle Kyte
Martin Hukset
Sigve Longvastøl
Sander Nordheim
Odin Svoen
Jesper Tomassen
Issayas Fanuel Efrem
Marius Hallem
Joachim Engebø
Jørgen Helgheim
Henrik Aase


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse