Tambar vann treningskamp mot Høyang 2

Tambar sitt a-lag vann 3-0 mot Høyang 2 i ein treningskamp tirsdag kveld. 
Tambar var det klart beste laget, men sløsa fælt med sjansane i denne kampen. Og det hadde ikkje vore noko å sagt på om dei hadde putta 5-6 fleire mål.

Til pause var stillinga 2-0, etter scoringar av Martin Hukset (str) og Mathias Gamlestøl. Sigve Heggedal Longvastøl fastsette resultatet til 3-0 på tampen av andre omgang.

Marius Hallem var tilbake på Tambarlaget i denne kampen, etter ein lengre pause med fotballspel. Han viste gode takter i forsvaret, og blir ein viktig spelar denne sesongen for det unge Tambarlaget.

Elles kan vi nemne at Tambar stilte med berre hospitant Odin Svoen som innbytter. Han fekk spele hele andre omgang, då Gunnstein Vefring måtte ut i pausen med ein skade.


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse