Tambar og Anga spela 1-1 i treningskamp


Bilde: Trener Geir Hoff og nysigneringa Vetle Kyte.

Tambar sitt a-lag og trener Geir Hoff spelte sin andre treningskamp for vinteren, då laget tok i mot Førdelaget Anga på Naustdal stadion mandag kveld.

Det vart ein jamnspelt kamp i kuldegradene på stadion, der Tambar gjekk til pause med ein 1-0 leiing etter scoringa til Mathias Gamlestøl midtvegs i omgangen. I andre omgang utligna gjestane etter ein corner, og sluttresultatet vart 1-1.

Som i fjor, tok Tambarkeeper Markus ein «lynovergang» til Anga, som fekk nytte han i treningskampen. Dermed vart det mykje speletid for begge dei to Tambarkeeperane i kveld. For ordens skuld enda kampen i fjor med 2-1 seier til Anga.

Pål Arve Myklebust håndterte dommarfløyta som ein Premier league-dommer.

Vetle Kyte meldte overgang frå Førde til Tambar sist veke, og viste i kampen mot Anga at han blir ein fin tilvekst i laget. Vetle, som er -99 modell, håndterer også dommarfløyta og kanskje får vi sjå han som dommer i aldresbestemte kampar på stadion denne sesongen.

 


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse