5.div: Tambar-Eikefjord i dag kl.15:00

Det vert eit skikkeleg lokalderby når Tambar møter Eikefjord i den siste kampen for sesongen i 5.divisjon på Naustdal stadion i dag kl.15:00.

I dei siste to kampane har det gått noko trått for dei oransjekledde utafor tunnellen, etter tap mot Hornindal (0-1) og Stryn 2 (0-5).

For trener Geir Hoff og det unge mannskapet hans, har det derimot gått bra i det siste. Laget har spelt bra i haust og dei to siste kampane har enda med seier. Både Eid 2 (4-1) og Hornindal (2-1) måtte reise frå Naustdal stadion utan poeng.

Og ikkje noko er vel bedre enn å vinne mot naboane i vest, og vi trur spelarane er gira på å ta sin tredje starke seier i dag.

Tambar stiller med desse spelarane til dagens kamp:

Markus Hjelle Cirotzki
Eirik Engen Skadal
Aleksander Fauske Helgås
Espen Eithun Langedal
Jesper Thomassen
Sander Kibsgård Nordheim
Martin Hukset
Issayas Fanuel Efrem
Sigve Heggedal Longvastøl
Tore Klopstad
Emil Savland Røyseth
Thomas Dobbe Personbråten
Mathias Gamlestøl
Iben Munkvold
Daniel Heggelund

Eikefjord stiller med desse spelarane:

Tommy Løkkebø Erling Austreim
Kristoffer Sigdestad
Ole-Tobias Yndestad
Kristoffer Book
Marcus Tonheim
Trygve Rukan Samdal
Monday Solo
Andreas Lid
Joakim Andreas Barlund
Steinar Clausen
Kristoffer Hopen
Øyvind Sørbø
Dino Jakupovic
Andreas Knapskog
Steffen Tonheim Knutsen


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse