God kamp av Tambar - vann 4-1 mot Eid 2

Endeleg vart det ein seier for Tambar igjen, då laget tok ein fortent 4-1 seier i 5.divisjonsoppgjeret mot Eid 2 på Naustdal stadion søndag ettermiddag.

Og endeleg åpna Tore Klopstad scoringskontoen sin for sesongen, etter ein god kamp og to fine scoringar. Fine scoringar hadde også dei to andre spelarane som netta i dagens kamp, Sigve H.Longvastøl og Mathias Gamlestøl.

5.divisjon avd.2

Tambar-Eid 2 4-1 (0-1)

0-1 Vebjørn Nord Haugland
1-1 Tore Klopstad
2-1 Sigve H.Longvastøl
3-1 Tore Klopstad
4-1 Mathias Gamlestøl

Tambar:
Markus H.Cirotzki
Alexander F.Helgås 
Tor Emil Gjøringbø
Gunstein Vefring 
Eirik E.Skadal 
Jesper Tomassen
Martin Hukset
Eseyas Fanuel 
Sander K.Nordheim 
Tore Klopstad 
Sigve H.Longvastøl

Innbytterbenken (speletid på alle):
Daniel Heggelund
Mathias Gamlestøl
Espen Langedal

BILDER FRÅ KAMPEN 

Det vart ein jamnspelt 1.omgang mellom Tambar og andrelaget til Eid, der heimelaget fortsette å vise gode takter, som ved dei to siste kampane sine. Tambar hadde store målsjanser i denne omgangen, blant anna var både Sigve og Tore berre millimeter unna nettkjenning.

Og vi venta berre på at dommaren skulle dra opp det raude kortet frå bukselomma, då Sigve sette på turboen og var på veg mot mål. Men den siste forsvararen til gjestane innsåg nok fort at han ikkje kom til å klare å halde fylje med Sigve, og valde då å halde han igjen med hendene og legge han i bakken. Sjøvsagt eit soleklart frispark, men dommaren var ikkje einige med publikum og drog i staden fram det gule kortet sitt.

Om det ikkje var heilt mot spelets gang, opplevde vi på tribuna det som unødvendig at Eidspelarane skulle få stå så åleine og få bruke så god tid, då han sette ballen forbi Markus i Tambarmålet. Med omgangens einaste mål til Eid 2, gjekk laga i garderoben til pause med 0-1.

Andre omgang skulle bli ein skikkeleg opptur for Tambarlaget, og allerede tidlig i denne omgangen får vi ein forsmak på kva som ville vente oss. Eseyas Fanuel er aggressiv og god då han vinn ein ball på midtbana, sender kjapt ein stikkar til Tore, som set fart og sender ballen til venstre for keeper og utligninga til 1-1 er eit faktum.

Etter utligninga ser vi eit Tambarlag som tek meir over ute på bana, og det er tydeleg at laget ynskjer at alle poenga skal bli att på stadion. Og nok ein gong får vi ein klassepasning frå Tambar si midtbane, når Sander slår ein god ball gjennom Eid-forsvaret. Denne gongen er det lynkjappe Sigve som er mottakar av ballen, der han spring frå alt og alle og set ballen kontrollert til sides for keeper og i mål, og Tambar er i føringa med 2-1.

Tambar kjem stadig fram på både høgre og venstrekanten, og skaper mange gode sjanser. Mål nummer tre starter på venstrekanten, der Tore tek ballen med seg inn i bana, lurer av nokre forsvarere og dunker til frå sånn sirkus 16.meteren. Eit velplassert skot i venstre kryss som keeper lite kunne gjere med.

Tambar er no skikkeleg i siget. Laget leder 3-1 og det er tydeleg at dette har gjort godt for spelarane. No vinn dei så og sei alt av dueller, og dei få forsøka til gjestane vert stoppa kontant av eit godt forsvar og god keeper. Og Tambar vil ha meir. Laget fortset med kjappe overganger, og tek med mange spelarar på overgangane sine. Nok eit fint angrep, denne gongen frå høgrekanten, når Tore kjem seg fri frå forsvararen, legg inn til Espen som sikkert set ballen i mål. Synd for Espen, og laget, at dommer feilaktig annullerer målet for offside.

Kampens siste mål er det to av unggutane ( eller kvalpane, som trener Hoff ville ha sagt) på laget som har regien på. Nok ein gong er det frå ein av kantane det skjer, då Daniel kjem seg fri på venstresida, legg inn til Mathias, som i kamp med ein Eid-kar, er fyrst på ballen og banker den i nettmaskene.

Dermed vart det ein etterlengta seier for Tambar, som vinn ein fullt fortent 4-1 seier mot laget frå Eid. Mykje smil og applaus på tribuna denne søndagen, der dei 30-40 frammøtte sette pris på dei gode prestasjonane til heile laget, og fire flotte mål.


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse