Tap i jamn kamp mot Jølster

Tambar vart fult på høgde med heimelaget og burde teke med seg poeng i 5.divisjonsoppgjeret mot Jølster fredag kveld. Men nok ein gong svikter det for Tambar på slutten av kampen, som gjer at dei nok ein gong må gå av bana med tap.

5.divisjon
Jølster-Tambar 3-1 (1-1)
1-0 Jølster
1-1 Jesper Tomassen
2-1 Jølster
3-1 Jølster

Tambar:
Markus H.Cirotzki
Tor Emil Gjøringbø
Eirik Skadal
Gunnstein Vefring
Aleksander H.Fauske
Sander K.Nordheim
Espen Langedal
Martin Hukset
Jesper Tomassen
Eseyas Fanuel 
Tore Klopstad
Sigve H.Longvastøl

 

Tambar var heilt på høgde med heimelaget Jølster på kunstgraset på Skei fredagskvelden. Berre så synd at ikkje laget klarer å utnytte dei store sjansane laget har. For det var Jølster ssom kunne juble for kampens første scoring, då eit frispark vart sett i nota bak Tambarkeeper Markus på flott vis då vi passerte halvtimen.

Tambar svara rimeleg fort på heimescoringa, for berre minutter seinare kvitterte Jesper Tomassen med utligning til 1-1 etter fint innlegg frå Tore Klopstad. Tore var frampå berre minutter seinare, der Tambarbenken såg ballen i mål. Men dessverre vart tøtsjen mot mål i svakaste laget, etter at han hadde rundlurt keeper.

I andre omgang har Sander Nordheim den største sjansen til å sende Tambar i leiing, men ballen går like til sides for Jølstermålet. I tilleg kjem laget til fleire gode målsjanser i omgangen. Men det vert Jølster som prikker inn leiiarmålet midtvegs i omgangen. Nok eit flott mål frå heimelaget, men litt mot spelets gang.

Tambar jobber for å få ein utligning på tampen av kampen, eit poeng laget hadde fortent. Men håpet om poeng brest då heimelaget går opp til 3-1 på tampen av kampen.


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse