Bra første omgang av Tambar, trass tap

Foto: haugenfotball.no

Tambar sitt a-lag gjekk på eit nytt tap, då laget møtte Stryn 2 i 5.divisjonsoppgjeret på bortebane sist søndag. Dermed vart det nok ein tung veg tilbake til Naustdal etter tapt kamp i Nordfjord, og Tambar venter fortsatt på sine fyrste poeng denne hausten.

5.divisjon avd.2

Stryn 2 - Tambarskjelvar  5-1 (1-1)
1-0 Håvard Kroken (2. min)
1-1 Tor Emil Gjøringbø (42. min)
2-1 Frode Hool Egge (63. min)
3-1 Per Ole Tenden (73. min)
4-1 John Marius Berger (86. min)
5-1 Justinas Busmic (90. min+2)

Tambar:
Markus Cirotzki
Eirik Engen Skadal 
Marius Hallem 
Gunnstein Vefring 
Aleksander Fauske Helgås 
Martin Hukset 
Sigve Longvastøl 
Mathias Gamlestøl 
Jesper Thomassen 
Tor Emil Gjøringbø 
Emil Røyseth 

Innbyttere:
Dan Joar Hoås (frå 17.min)
Daniel Heggelund  (frå 46.min)

Blder teke av HAUGEN FOTBALL

Tambar fekk ein verst tenkeleg start på kampen, då Stryn 2 allerede etter eit par minutter tok leiinga 1-0.
Men sjølv med denne starten, arbeida Tambar seg innatt i kampen, og spela seg etterkvart fram til fleire gode målsjanser.

Utligninga til Tambar måtte vi vente til det 42.speleminuttet, då Tor Emil Gjøringbø (bilde) runda ein Strynespelar på venstrekanten og sette ballen forbi keeper og i mål.

Andre omgang var jamnspelt dei fyrste tjue første minuttane. Men då ballen gjekk i mål etter ein corner for heimelaget, datt litt av lufta ut av Tambarlaget. For sjølv om Tambarlaget forsøkte ute på bana, tok Stryn 2 meir over no, noko som resulterte i ytterliggare tre mål.

Marius Hallem i forsvaret, måtte gå tidleg av bana med ein skade. Dette svekka nok Tambar, då Marius starta kampen godt på høgrekanten sin. Også Emil Savland Røyseth måtte gå av bana til pause, etter ein kakk i leggen. Med desse to ute, stod dermed Tambar uten innbyttere i andre omgang.


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse