Heilsvart dag for Tambar mot Selje!

Tambar hadde ein heilsvart dag på fotballbana, då laget starta oppatt etter sommarferien på søndag. Spelarane verka å fortsatt være i feriemodus på kunstgraset i Selje, noko som straffa seg til dei grader mot ein godt og heiltent Seljelag.

Personlige feil og tapte dueller er stikkord som dekker mykje av det som hendte på Selje stadion i fyrste omgang, der Tambar må tåle fire mål imot i denne omgangen.

Ein forferdelig start på andre omgang, gjer att heimelaget går opp i 5-0 då minuttet er spelt, og som tydeleg prega heile andre omgang. For Selje var dessverre best i alt denne dagen, og sendte Tambarlaget heim med heile ti mål i minus.

Fram mot neste kamp har trenar Hoff ein jobb å gjere med laget, då møter Tambar Hornindal på Naustdal stadion søndag kl.15.00


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse