Tambar sløste med sjansane då dei tapte mot topplaget

Tambar spela ein svært god første omgang og var det klart beste laget, då dei møtte Eikefjord i den siste kampen i 5.divisjon før laga tok sommarpause. Eikefjordingane var derimot meir effektive enn Tambar, og kunne til slutt gå av bana med ein 4-1 seier.

5.divisjon
Eikefjord stadion
EIKEFJORD-TAMBAR 4-1 (1-0)
1-0 Eikefjord
2-0 Eikefjord
3-0 Eikefjord
3-1 Emil Savland Røyseth
4-1 Eikefjord

BILDER FRÅ KAMPEN

Desse spelte for Tambar:
Markus Hjelle Cirotzki
Thomas Dobbe Personbråten
Tor Emil Gjøringbø
Aleksander Fauske Helgås
Jesper Tommassen
Kristoffer Hundershagen
Marius Hallem
Espen Langedal
Martin Hukset
Sondre Herstad
Emil Savland Røyset
Eseyas Fanuel 
Michael Mehari
Eirik Engen Skadal
Sander Kibsgaard Nordheim  
Mathias Gamlestøl

 

Eit frispark, ein stuss og ballen i nota.
Eikefjord går opp til 1-0 etter 8 minutter, og etter dette vert det svært så rolig for Tambarkeeper Markus. For fyrste omgang på naturgraset på Eikefjord stadion, var det Tambar som var best og køyrer i perioder over tabelltoppen i 5.divisjon.
Laget kjem til mange store målsjanser i denne omgangen, og Tambarsupportarane på tribuna «såg» opptil fleire ballar i mål. Men dessverre for det godt kjempande Tambarlaget, hadde dei ikkje marginane på si side i denne kampen heller.

Med to kjappe mål imot i andre omgang, vart det litt «lufta ut av ballongen» effekten vi såg. Eit ørlite håp hadde tribuneslitarane då Emil sette inn sitt femte mål i 5.divisjon, og reduserte til 1-3.
Eit løft vart det også for spelarane våre, såg det ut til, for laget kjempa godt utpå ei brukande grasbane. Men nok ein gong er heimelaget frampå, og fastset resultatet til 4-1 ti minutter før slutt.

Nok ein gong ser vi eit Tambarlag som ikkje har marginane på si side. Som i alle kampane laget har spelt denne våren, skaper dei også mange store målsjanser i kampen mot Eikefjord. Litt synd dette, at laget skal ligge under med eit mål etter fyrste omgang, der laget skaper målsjansane og burde leda med to og fire mål .........

Tambar og 5.divisjon tek no sommarpause til august.


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse