Tambar avslutter vårsesongen med lokaloppgjer mot Eikefjord

Etter ein god start på sesongen, med to seierer på dei to fyrste kampane, har det butta litt i mot for Tambar i dei siste tre kampane i 5.divisjon. Laget gjekk på to knepne tap mot Stryn 2 (0-1) og Jølster (0-1) på heimebane, og eit overraskande stort tap mot Eid 2 (2-5) på bortebane sist søndag.

Laget speler i kveld sin siste kamp før trener Geir Hoff og spelarane går ut i sommarferie. Og laget må opp fleire hakk om laget skal ha håp om poeng mot kveldens motstander Eikefjord. For Eikefjordingane har hatt ein langt bedre poengfangst enn kva Tambar har hatt i vår, og har til gode å tape i årets 5.divisjon. Laget står med fire seierer og ein uavgjort, og topper med det tabellen med 13 poeng.

Kveldens kamp går i Eikefjorden, mest trulig på naturgraset på Eikefjord stadion. Vi håper mange Tambarsupportere tek turen gjennom tunellen denne kvelden, og blir med å heie Tambar fram til seier mot dei oransjekledde.

Kampstart er kl.19:00.


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse