Nok eit 0-1 tap for Tambar

Tambar måtte gå av bana med nok eit 0-1 tap på heimebane, då laget møtte Jølster på Naustdal stadion fredag kveld. Dermed er laget inne i ein liten «måltørke» etter at laget i dei to første kampane putta til saman fem mål.

5.divisjon
Tambar-Jølster 0-1 (0-1)
0-1 Marcus Gamborg

Dommer: Sjur Reisæter Haugen, Dale IL

Gult kort Tambar: Mathias Gamlestøl

 

Utifrå spel og sjanser i kampen mot Jølster, hadde laget fortent å ta med seg minst eit poeng. Det hadde vel ikkje vore så mange som hadde sagt noko om alle poenga vart at på stadion, heller. Men så var det dette med å omsette sjansane ein får, til mål, då.

Som i sist kamp, mot Stryn 2 (0-1 tap), hadde Tambar nok av målsjanser til å avgjere dette til eigen fordel. Sjølv om det godt kjempande og agresive Jølstralaget kom til ein del målsjanser i kampen, har Tambar både fleire og større målsjanser enn gjestane frå Jølst. Men det er som kjent ikkje hjelp i kor mange og store desse sjansane er, om ein ikkje får pirka ballen i mål. Og det fekk ikkje Tambarlaget til denne kvelden, medan Jølster klarte det ein gong.

Dermed går Tambar på sitt andre knepne 0-1 tap, og laget står utan scoringar i dei to siste kampane sine. Det positive i kampen mot Jølster, er at laget er litt tilbake der vi har sett dei tidligare, med god jobbing og kriging over heile linja, og at laget skaper mange god sjanser framfor mål. Litt meir tur og dyktigheit her, så er laget i gang att med nettkjenningane i neste kamp.

Tambar skal no spele to bortekampar, før laget tek sommarferie. Fyrstkomande søndag reiser laget til Nordfjordeid og møter Eid 2. Den siste kampen før laget tek ferie, er mot Eikefjord. Den kampen vert spelt fredag 17.juni.


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse