Kampdag!

Tambar tek imot Jølster til kamp, når den fjerde serierunden gå av stabelen på Naustdal stadion i kveld. Laget til trenar Geir Hoff har fått ein grei start på årets sesong i 5.divisjon, sjølv om det vart tap for Tambar i sist runde mot Stryn 2.

For med seier mot Selje (4-2) på heimebane i den første serierunden og mot Hornindal (1-0) på bortebane i den andre, ligg Tambar på andre plass på tabellen før dagens kamp.

I kampen mot Stryn 2 måtte Gunnstein Vefring forlate bana med skade etter berre 10 minutter, og han er ikkje tilbake til kampen mot Jølster i kveld.

Fint for laget er det då at Eirik Engen Skadal er tilbake for Tambar. Han vart skada i kampen mot Selje, og var ute i kampane mot Hornindal og Stryn 2.

Jølster kjem til Naustdal stadion med uavgjort mot Eikefjord i den siste kampen sin, då dei spela 3-3 mot Eikefjordingane på heimebane. Også i sin første kamp spela Jølstringane uavgjort, då laget holdt Stryn 2 til 2-2 og uavgjort.

SJÅ TABELL

Bortsett frå Gunnstein, får vi rapportert om ein skadefri Tambar-tropp til kveldens kamp mot Jølster. Tambar stiller med fyljande lag:

Markus Hjelle Cirotzki 
Eirik Engen Skadal
Tor Emil Gjøringbø     
Aleksander Fauske Helgås
Jesper Tomassen
Espen Langedal     
Eseyas Fanuel   
Kristoffer Hundershagen 
Martin Hukset 
Tore Klopstad   
Emil Savland Røyseth

Innbyttere:
Thomas Dobbe Personbråten
Michael Mehari
Mathias Gamlestøl
Daniel Heggelund 
Sigve Heggedal Longvastøl
Dan Joar Hoiås Vårdal     


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse