Sesongens første tap for Tambar

Tambar gjekk på sesongens første tap, då dei møtte Stryn 2 på Naustdal stadion søndag ettermiddag. Stryn kunne gå av bana med ein knepen 1-0 seier, i ein kamp som inneholdt stangskot frå begge lag og straffebom av bortelaget.

5. divisjon
Tambar-Stryn 2 0-1 (0-1)
0-1 Marius Rauset (27.min)

Gule kort Tambar: Espen Langedal og Jesper Tomassen

Dommer: Terje Holvik, Sandane

 

Tambar sitt lag:
Tomas D. Personbråten (Markus H. Cirotzki frå 45.min) 
Aleksander F. Helgås      
Tor Emil Gjøringbø     
Gunnstein Vefring  (Michael Mehari frå 10.min) 
Daniel Heggelund 
Eseyas Fanuel   (frå 54.min) 
Espen Langedal    
Martin Hukset
Mathias Gamlestøl (Jesper Tomassen frå 45.min)     
Tore Klopstad   
Emil S. Røyseth ( Sigve H. Longvastøl frå 74.min)
Kristoffer Hundershagen 
Dan Joar H.Vårdal     

Tambar måtte omrokkere i forsvaret allerede etter 8 minutters spel, då forsvarsklippa til Tambar, Gunstein Vefring, måtte forlate bana med ein skade i kneet. Krasjen han fekk med Tambarkeeper Thomas Personbråten, var så pass hard at han ikkje kunne fortsette kampen.

No gjorde forsvaret ein grei jobb resten av kampen, bortsett frå 1-0 målet til gjestane frå Stryn. Frå publikumplass såg det ut som dei fekk gå for lett gjennom og at forsvaret var noko passive ved det høvet.

Både Stryn og heimelaget er nære scoringar etter henholdsvis 33 og 37 minutter, då ballen ved begge høve klinkar i målstanga og ut.

Nærast fleire mål i denne omgangen er derimot Stryn 2. Laget får idømt staffe i det 39.minutt, og hadde vel trua på at dei skulle doble leiinga. Men ei mesterlig redning frå Thomas, gjer at Tambar fortsatt berre ligg eit mål etter.

Andre omgangen startar Stryn 2 best, og var tydeleg gira på å auke leiinga. Men det til dels velspelande Strynelaget vart gang på gang stoppa av eit hardt jobbande Tambarforsvar som ikkje hadde tenkt å sleppe inn fleire mål.

I andre enden gjorde Stryn forsvaret det vanskeleg for Tambarangriparane, sjølv om det for kunne blitt mål ved eit par høve, då både Emil Savland Røyset og Tore Klopstad fekk kome seg fri og avslutta.

Men Tambar måtte gå av bana med sesongens første tap, då dommar Terje Holvik blas av etter 90 spelte minutter. Tambar hadde ikkje noko god første omgang, og lot Stryn 2 få styre det meste ute på bana. I andre omgang heva laget seg noko, men fortsatt må dei nokre hakk opp for å finne att den kollektive jobbingen vi har sett frå laget i dei to siste kampane.

Gunnstein måtte gå av bana tildleg i kampen i dag, og vi får tru at skaden ikkje er langvarig. Laget treng han allerede til neste kamp, som er mot Jølster. Forsvarsrekka greide seg greit i denne kampen, til tross for fråværet av Gunnstein. Blant anna starta gutespeler Daniel Heggelund på vanstre back, noko han meistra godt.


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse