Tambar med full pott etter seier mot Hornindal i dag

Tambar har full pott i årets 5.divisjon, etter at laget vann bortekampen mot Hornindal søndag. Tambar vann 1-0, etter scoringa til Kristoffer Hundershagen (bilde) i fyrste omgang.

5.divisjon
Hornindal-Tambar 0-1 (0-1)

0-1 Kristoffer Hundershagen

Gule kort Tambar: Andreas Vatne og Gunnstein Vefring.

Tambar sitt lag:
Markus Hjelle Cirotzki 
Aleksander F. Helgås   
Lars I Kalland    
Tor Emil Gjøringbø 
Andreas Vatne    
Gunnstein Vefring  
Michael Mehari   
Eseyas Fanuel   
Espen Langedal     
Martin Hukset     
Tore Klopstad   
Sigve H. Longvastøl    
Dan Joar H.Vårdal     
Kristoffer Hundershagen 

BILDER FRÅ KAMPEN

 

Ei 40 meters lissepasning frå Gunnstein til Kristoffer, som set fart på venstre kant, runder ein forsvarer og set ballen knallhardt i mål frå rimeleg skrått hold, skulle bli den avgjerande scoring i Hornindal denne varme søndagen.

At ikkje Tambar klarte score fleire mål i dette oppgjeret, får vi føre på konto for uduglegheit og utur. For laget hadde mange gode angrep og ditto målsjanser, men ballen gjekk som oftast alle andre vegar enn mot mål. Særlig på tampen av fyrste omgang, kunne laget putta fleire enn det eine målet laget fekk ved Kristoffer.

Også i andre omgang hadde Tambar mange målsjanser som vart skusla bort i ingenting, sjølv om Hornindalkeeper vert sett på prøve ved fleire høve. Litt spennande vart det i siste halvdel av andre omgang, då Tambar inviterte heimelaget meir inn i kampen. Men til hell og lukke, var heller ikkje dei på høgget framfor vår keeper Markus, og Tambar kunne puste letta ut etter 90 spelte minutter.

Kva så med Hornindal? Ikkje så mykje å skrive heim om. Laget hadde nokre halvsjanser i fyrste omgang, som keeper Markus og Tambarforsvaret lett ordna opp i. Heimelaget var nær ei scoring etter corner på slutten av kampen, då ballen vert stussa inn i feltet, via keeper og i tverrligger, før ein Tambarfot fekk blåst ballen nesten på elva.

Det positive vi sit att med er at laget vinn ein kamp på ein mindre god dag, og ikkje slepp inn mål. Laget spela langt i frå ein dårlig kamp i dag, og vi såg mange gode prestasjoner frå spelarane i dag og. Litt av problemet var at laget ikkje klarte å halde tempoet og intensiteten i samme grad vi hugsa frå kampen mot Selje, og kanskje det viktigaste av alt: omsette dei mange målsjansane til nettsus.

I dag tykkjer vi Martin var Tambar sin beste spelar. Han jobba og sleit kampen igjennom, hadde mange gode gjennvinningar og traff som oftast med passningane sine.


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse