A-laget møter Hornindal borte i 2.seriekamp

Tambar reiser til Nordfjord i den andre serierunden i 5.divisjon, og møter Hornindal på krøllgraset på Hornindal stadion søndag kl.15.00.

Tambartroppen reiser til Hornindal med stor buss. Vil du være med på bortekampen og heie på Tambar, kan du fylje bussen ilag med spelarar og trenere.
Avreise frå gamle Coop kl.10.45.
Kampstart kl.15.00
Pris voksen/barn: kr.50.- (barn under 13 år må reise ilag med ein voksen).
Begrensa med plasser.

Tambar vann sin fyrste kamp, då laget møtte Selje i serieåpninga på Naustdal stadion sist helg. Laget vann då 4-2 etter solid spel og innsats frå Tambarspelarane, mot eit brukbart lag frå Selje.

Kva heimelaget Hornindal stiller med mot Tambar, har vi lite informasjoner om. Laget tapte heile 0-9 mot Stryn 2 på bortebane i serieåpninga, er er nok lystne på å revansjere dette tapet framfor sitt eige publikum søndag.

Tambar stiller uten seniordebutant og tremålsscorer i Sejekampen, Emil Savland Røyseth, då guten skal konfirmerast denne søndagen! Også Eirik Skadal må stå over, etter skaden han fekk mot Selje i serieåpninga. I tillegg har fleire av dei yngste spelarane meldt fråfall til kampen mot Hornindal. Men vi trur troppen til trener Geir Hoff vil greie brasene på bortebane alikevel, og stiller med fyljande spelarar:

Markus Hjelle Cirotzki
Aleksander F. Helgås  
Lars I Kalland   
Tor Emil Gjøringbø
Andreas Vatne   
Gunnstein Vefring 
Michael Mehari   
Eseyas Fanuel  
Espen Langedal    
Martin Hukset    
Tore Klopstad  
Sigve H. Longvastøl   
Dan Joar H.Vårdal    
Kristoffer Hundershagen 

 

Reultat 5.divisjon:

1.runde
Tambar-Selje 4-2
Eid 2-Eikefjord 0-4
Stryn 2-Hornindal 9-0

2.runde
Selje-Eid2 6-0


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse