Tambar slo Selje 4-2 - Emil scora tre mål

Trener Hoff og laget fekk ein glimrande start på sesongen, då laget vann 4-2 mot Selje på Naustdal stadion fredag kveld.

Emil Savland Røyseth vart kampens store spelar, då han sette inn heile tre av måla til Tambar i sin fyrste seriekamp for a-laget.

I tillegg til Emil sine tre mål, scora Kristoffer Hundershagen årets første mål i 5.divisjon, då han sette ballen i nota etter om lag 30 minutter ut i første omgang.

5.divisjon
TAMBAR-SELJE 4-2 (2-0)

1-0 Kristoffer Hundershagen (33.min)
2-0 Emil Savland Røyseth (36.min)
3-0 Emil Savland Røyseth (63.min)
3-1 Ole Andreas Solheim (66.min)
4-1 Emil Savland Røyseth (89.min)
4-2 Jonas Beitveit  (91.min)

Dommer: Ragnar Åmot, Jølster IL

Tambar sitt lag:
Markus H. Cirotzki (Thomas D.Personbråten frå 46.min)
Lars I Kalland (Pål Arve Myklebust frå 67.min)
Eirik E. Skadal (Jesper Tomassen frå 74.min)
Tor Emil Gjøringbø   
Gunnstein Vefring 
Espen Langedal    
Martin Hukset    
Mathias Gamlestøl
Kristoffer Hundershagen     
Tore Klopstad  
Emil S.Røyseth (Dan Joar H.Vårdal frå 88.min)  

 

BILDER FRÅ KAMPEN 

Det var kjekt å være publikumer på Naustdal stadion denne fredagskvelden, når Tambargutane endeleg sparka i gang att sesongen. For det var Tambargutane vi ville sjå i kveld, der årets lag i 5.divisjon består utelukkande av lokale spelarar frå bygda. Til og med dei to Førdegutane på laget, var Tambargutar denne kvelden, etter at dei trufast har stilt opp for laget dei siste to sesongane.

Det var kjekt å være publikum denne kvelden, å sjå at trenarkvartetten Geir, Jan Magne, Ivar og Pål Arve har fått til eit lag som fighter for kvarandre, og jobber som eit lag kampen til endes. Flotte var måla til Emil og Kristoffer i kveld, men fyrst og fremst var dette ein lagseier med stor L.

 

Måla til Tambar kjem slik (henta frå FirdaLiven v/Arnt Willy Nesbø):

1-0   Kristoffer Hundershagen (assist: Tore Klopstad) Nydelig mål av Tambar. Klopstad kjem gjennom i midten og slår ei nydelig pasning til Hundershagen som enkelt sett den i hjørnet!

2-0   Emil Savland Røyseth (assist: Mathias Gamlestøl) Gamlestøl spelar gjennom Savland Røyseth som spring frå alle sammen og chippar den forbi keeper!!

3-0   Emil Savland Røyseth (assist: Kristoffer Hundershagen) Nydelig scoring nok ein gang av Tambar og nok ein gang er det Savland Røyseth! Klopstad spelar gjennom Hundershagen som parkerer backen til Selje. Legg inn og Savland Røyseth styrer den i nettaket!

4-1   Emil Savland Røyseth (assist: Espen Langedal) Langedal tåar ballen oppover og der er Savland Røyseth i bakrom. Klinkar til frå 25meter nede i hjørnet!

 Link til Firda Live, Tambar-Selje 


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse