Kampdag for a-laget - møter Selje på stadion kl.19.00

5.divisjon
TAMBAR-SELJE
Naustdal stadion
kl.19.00
Dommer: Ragnar Åmot, Jølster IL

 

Tambar starter årets sesong i 5.divisjon i dag, når laget tek imot Selje på Naustdal stadion. Som sikkert dei fleste kjenner til har laget fått ny trenar sidan fjorårssesongen, etter at Geir Hoff tok over som trener i fjor haust. Med seg i trenerteamet har Hoff tidligare trener for a-laget, Jan Magne Langedal, Ivar Longvastøl og Pål Arve Myklebust.

Årets Tambarlag er eit av dei yngste a-lag klubben har stilt med i serien, der mange av fjorårets og årets gutespelarar frå Tambar vil få mykje speletid, ifylje sjefstrener Hoff.

Dagens motstander, Selje, møtte Tambar sist i 5.divisjon i 2013. Dette året rykka som kjent Tambar opp i 4.divisjon. Den gongen enda kampane med 2-2 på stadion, medan det vart 2-4 tap for Tambar på bortebane. Selje har dei siste åra vore ei lei nøtt for dei fleste dei møter, og er eit lag som har vore på øvre del av 5.divisjonstabellen dei siste åra.

Både spelarar og trenarane er klare og gleder seg til å kome i gang med årets sesong. Det gjer vi også, og håper på at mange bygdefolk møter på stadion kl.19.00 i dag for å støtte Tambar i sesongåpninga.

Kva lag Tambar stiller med, er ikkje klart når vi gjekk i trykken. Men desse spelarane er med i årets Tambarstall:

Markus H. Cirotzki  
Thomas D.Personbråten 
Aleksander F. Helgås 
Lars I Kalland  
Eirik E. Skadal 
Tor Emil Gjøringbø  
Gunnstein Vefring
Michael Mehari  
Eseyas Fanuel 
Espen Langedal   
Martin Hukset   
Mathias Gamlestøl   
Tore Klopstad 
Sigve H. Longvastøl  
Dan Joar H.Vårdal   
Emil S.Røyseth  
Sander K. Nordheim  
Kristoffer Hundershagen 
Daniel Heggelund 

 

Terminliste 2016


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse