Tapte treningskampen mot Anga

Tambar møtte 6.divisjonslaget Anga i sin siste treningskamp torsdag kveld, før alvoret starter komande fredag i sesongåpninga mot Selje.

Tambar hadde grepet på kampen i fyrste omgang og viste til tider mykje bra spel. Men laget var på langt nær så effektive som gjestane frå Førde, og burde ha netta fleire enn den eine scoringa laget fekk ved Eseyas Fanuel.

Anga scora på sin einaste målsjanse, ved Jørgen Engebø, i fyrste omgang, og ved pause var stillinga 1-1.

Også i andre omgang hadde Tambar nok målsjanser til å avgjere kampen. Men Tambarkeeper Markus H. Cirotzki, som var lånt inn av Anga i denne kampen, var med å holde gjestane inne i kampen med fleire gode redningar.

På tampen av kampen set Joakim Vedvik inn vinnarmålet til Anga, og Tambar taper med det 1-2 i generalprøva før sesongstarten på Naustdal stadion på fredag.

God dommer: Pål Arve Myklebust


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse