Tambar enda på 2.plass i Eikefjord Cup

Tambar fekk ein fin gjennomkøyring før årets sesong i 5.divisjon starta 29.april, då dei deltok i helgas Eikefjord Cup. Laget gjorde sine saker bra i det flotte vårværet på kunstgraset i Eikefjord, og spelte seg til finalen etter dei innleiande kampane lørdag.

I gruppespelet lørdag, vann Tambar åpningskampen mot Askvoll/Holmedal med siffera 2-1. Askvoll/Holmedal tok leiinga 1-0, men Eseyas Fanuel ordna 1-1 til pause. I andre omgang scora Mickael Mehari omgangens einaste mål, og altso 2-1 seier til Tambar.

Lørdagens andre kamp vart spelt mot Tempo, ein kamp som enda 0-0. Med dette vart Tambar puljevinnar og klar for finale på søndag.

Tambar fekk den verst tenkelige starten på finalen mot Eikefjord søndag. Etter berre 8 minutter spel hadde vertane netta to gonger, og det såg stygt ut for Tambarlaget. Men Tambar kom godt innatt i kampen, og med scoringar av Tor Emil Gjøringebø og Mickael Mehari, var det to måls forspranget til Eikefjord henta innatt. 2-2 var også pauseresultatet.

I andre omgang trekte vertane frå Eikefjord det lengste strået, og kunne med eit frisparkmål og ei straffe, gå av bana som vinnarar av årets Eikefjord Cup med 4-2 mot Tambar.

Vi tykkjer det vart mykje positivt frå Tambarlaget denne helga, og vi gleder oss til sesongen starter om 18 dager.

NOKRE BILDER FRÅ FINALEN

Innleiande kampar:

Tambar-Askvoll/Holmedal 2-1 (1-1)
0-1 Askvoll/Holmedal
1-1 Eseyas Fanuel
2-1 Mickael Mehari

Tambar-Tempo 0-0

Finale:

Tambar-Eikefjord 2-4 (2-2)
0-1 Eikefjord
0-2 Eikefjord
1-2 Tor Emil Gjøringebø
2-2 Mickael Mehari
2-3 Eikefjord
2-4 Eikefjord

 

Desse spelarane frå Tambar var med på å vinne sølv i årets Eikefjord Cup 2016:

Markus H. Cirotzki 
Thomas D.Personbråten 
Aleksander F. Helgås
Lars I Kalland  
Eirik E. Skadal 
Tor Emil Gjøringbø 
Gunnstein Vefring
Michael Mehari 
Eseyas Fanuel
Espen Langedal  
Martin Hukset  
Mathias Gamlestøl  
Abraham 
Sigve H. Longvastøl 
Dan Joar H.Vårdal  
Emil S.Røyseth 
Sander K. Nordheim 
Kristoffer Hundershagen
Daniel Heggelund 


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse