Tambar vann 4-3 over divisjonskollega Førde 3

Trener Geir Hoff oppsummerer kampen mot Førde 3 i kveld med «- godkjent av gutane i ein og ein halv omgang», etter at Tambar vann 4-3 mot divisjonskollega Førde 3 i Hafstadparken onsdag kveld.

Treningskamp
FØRDE 3-TAMBAR 3-4 (1-2)

1-0 Sander K. Nordheim (assist: Sigve)
1-1 Førde 3
1-2 Sander K. Nordheim (assist: Espen)
1-3 Martin Hukset (stjernetreff !!)
2-3 Førde 3 (str.)
2-4 Abraham (assist: Kristoffer)
3-4 Førde 3

Dommer: God klubbdommer frå Førde, 2000 model

Bilder frå kampen

Trener Hoff valgte ein særs ung startellever i Hafstadparken i kveld, der blant anna Emil (2001 model), Sander, Daniel og Mathias (2000) og Martin og Markus (1999) var på bana då dommaren starta kampen klokka 19.00. Og unggutane tok godt vare på tilliten dei fekk, der Sander fekk sine to fyrste scoringar på seniornivå, og Martin scora ei perle av eit mål då han sette ballen i krysset frå 18-19 meter. Og i tillegg vart også lagets nye spelar, Abraham, målscorer i sin fyrste kamp for Tambar, då han sette inn Tambar sitt fjerde og siste mål.

Tambar hadde egentlig grei kontroll på Førde 3 i kveldens kamp i Førde, og spesiellt fyrste omgang viste laget mykje bra. Då gjekk ballen hurtig, og med gode bevegelser kom laget til mange store målsjanser.

Også starten av andre omgang var Tambar det beste laget, men Førde 3 får kome meir inn i kampen etterkvart. Litt spenning vert det også på slutten, då heimelaget jakter utligningsmålet. Men det målet kom aldri, og Tambar vinn kampen fortent 4-3.

Dagens Tambarspelar, og banas beste, meiner vi Espen Langedal heilt klart fortener, på eit Tambarlag der mange av spelarane får vist seg fram på ein positiv måte i kveld.

Tambar stilte med desse spelarane (alle fekk speletid):
Markus H. Cirotzki
Thomas D.Personbråten 
Lars I Kalland 
Eirik E. Skadal
Tor Emil Gjøringbø
Gunnstein Vefring
Espen Langedal 
Martin Hukset 
Mathias Gamlestøl  
Abraham
Sigve H. Longvastøl
Dan Joar H.Vårdal 
Emil S.Røyseth 
Sander K. Nordheim 
Kristoffer Hundershagen
Daniel Heggelund 


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse