Mållaust mot Eikefjord til pause - rakna etter pause

Tambar sitt a-lag spela mandag kveld sin tredje treningskamp for vinteren, då laget møtte Eikefjord på krøllgraset i Eikefjorden.

Mannskapet til Tambartrener Geir Hoff spela ein brukbar kamp, sjølv om laget måtte gå av bana med eit rimeleg stort 0-6 tap. Særlig fyrste omgang var det mykje positivt frå eit ungt Tambarlag, som stilte med mange unggutar også i denne kampen. Og ingen av 2001-2000 eller 1999 modellane «gjorde seg bort» mot meir erfarne spelarar frå heimelaget, og holdt Eikefjordlaget til 0-0 etter ein omgang spelt.

Andre omgang vart prega av ein del personlige feil frå Tambargutane, som førte til at Eikefjord kunne sette ballen i nota heile seks gonger. I tillegg valgte trener Hoff også i denne kampen, å la alle spelarane få rimeleg med speletid.

Mykje positivt å hente for trenaren etter kampen, men også ein del å rette på dei neste vekene fram til sesongen startar.

Fotballekspertane på sidelinja hadde fleire på blokka om kven dei meinte var kveldens Tambarspeler, men kåra Aleksander Fauske Helgås til Tambar sin bestemann.

Tambar stilte med desse spelarane:
Thomas D.Personbråten
Markus H. Cirotzki
Lars I Kalland
Eirik E. Skadal
Gunnstein Vefring
Espen Langedal 
Martin Hukset 
Mathias Gamlestøl  
Michael Mehari 
Eseyas Fanuel  
Pål Arve Myklebust
Sigve H. Longvastøl
Dan Joar H.Vårdal 
Emil S.Røyseth 
Sander K. Nordheim
Kristoffer Hundershagen
Daniel Heggelund 


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse