Tambar med 3-1 seier mot Tempo

Trenar Geir Hoff fekk sin fyrste seier, etter at han tok over som trener for Tambar, då laget spela treningskamp mot Tempo torsdag kveld.

Tambar hadde full kontroll på 6.divisjonslaget frå Florø, og det var reine sjansebonanza ein periode i andre omgang. Kampen enda 3-1 til Tambar, og vart spelt på Eikefjord kunstgrasbane.

Treningskamp
Tempo-Tambar 1-3 (0-1)

0-1 Eseyas Fanuel 
1-1 Tempo
1-2 Tor Emil Gjøringbø 
1-3 Emil S. Røyseth

Dommer: Ragnar Åmot.

Startellever: Markus H. Cirotzki - Lars I Kalland - Eirik E. Skadal - Gunnstein Vefring - Tor Emil Gjøringbø - Espen Langedal - Martin Hukset - Mathias Gamlestøl - Michael Mehari - Eseyas Fanuel - Tore Klopstad

Benken (Alle fekk speletid): Sigve H. Longvastøl - Dan Joar H.Vårdal - Emil S.Røyseth - Thomas D. Personbråten - Sander K. Nordheim - Kristoffer Hundershagen - Daniel Heggelund 

 

Tambar hadde få problem å vinne treningskampen mot 6.divisjonslaget Tempo på kunstgraset i Eikefjord torsdag kveld, og kunne fort ha scora dobbelt av dei tre måla dei fekk i kampen. Spelemessig var denne kampen fleire hakk opp frå treningskampen laget hadde mot Fure sist veke, og særlig første omgang då ballen gjekk kjapt i lengderetninga, fekk laget vist litt av kva som bur i det unge laget. At laget ikkje scorer meir enn eit mål i fyrste omgang, får vi sette på kontoen for utur. Fint var målet til Eseyas Fanuel, då han drog seg inn i feltet og plasserte ballen til sides for keeper og 1-0.

Sjølv om Tempo utligner med ei heldig scoring i andre omgang, hadde forsvaret til Tambar rimeleg god kontroll i forsvar også i denne omgangen, der Gunnstein var tilbake og spelte ein god kamp. Tor Emil Gjøringbø sender Tambar i 2-1 leiing då han mottek ballen på venstre kant, lurer av eit par Tempospelarar og set ballen mellom føtene til keeper og i nota.

Emil Savland Røyseth fekk sin debut på a-laget i kveld, og var ein stadig trussel for Tempoforsvaret. Fleire gonger vart han spelt gjennom, eller snurra rundt forsvararane på eiga hand, og kunne med litt tur ha scora fleire mål. Med det vart med det eine målet i debutkampen. På nok eit raid gjennom forsvaret, måtte Tempospelaren ty til ulovlegheiter, og dommer «Raggen» gjorde det rette då han peika på straffemerket. Straffa tok Emil sjølv, og sette ballen sikkert i nota.

Torsdag i neste veke vil laget få betraktleg bedre motstand enn dei hadde i kveld, då møter Tambar divisjonskollega Eikefjord på kunstgraset i Eikefjorden.


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse