A-laget møtte divisjonskollega Fure i treningskamp

Trenar Geir Hoff testa laget sitt søndag ettermiddag, då Tambar møtte divisjonskollega Fure til treningskamp i Hafstadparken i Førde. Banemester Holsæter hadde gjort sitt for at laga skulle få gode forhold denne vinterdagen, men det var ein kald, våt og sur værmessig start på sesongen for Tambarlaget.

Laga fekk ei god gjennomkøyring denne søndag ettermiddagen, og gutane til trenar Hoff hadde grei kontroll på Furegutane i første omgang. Det var difor heilt greit at Tambar gjekk til pause med 2-1 leiing.

Andre omgang fekk Fure i perioder styre mykje på midtbana, noko som resulterte i fleire baklengs for Tambar. Laget kom noko meir med att på slutten av andre omgang, og sette då inn to kjappe mål.

Treningskamp
Fure-Tambar 6-4 (1-2)

Målscorarar Tambar: Tore Klopstad (3) og Daniel Heggelund

Tambar sin tropp:
Thomas D. Personbråten
Markus H. Cirotzki
Lars I Kalland
Aleksander F.Helgås
Martin Hukset
Sander K. Nordheim
Espen Langedal
Mathias Gamlestøl
Kristoffer Hundershagen
Eirik E. Skadal
Tor Emil Gjøringbø
Michael Mehari
Eseyas Fanuel
Daniel Heggelund
Tore Klopstad

Tambar stilte med ei 15 mann stor tropp til treningskampen mot Fure. I tillegg til desse spelarane er også Sigve H. Longvastøl, Gunnstein Vefring, Jesper Tomassen, Emil S.Røyseth, Dan Joar V. Hoiås, August C.Thingnes og Pål Arve Myklebust med i årets tropp.


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse