Tambar møter Selje heime i sesongstarten i 5.divisjon

Tambar Fotball sitt a-lag spelar som kjent i årets 5.divisjon i år, etter nedrykket frå 4.divisjon sist sesong. Trenar for Tambar, Geir Hoff, starta opp treningane med laget før jul, og er på nyåret i full gang med oppkøyringa til årets sesong.

Årets Tambarlag blir nok det yngste utgåva av eit a-lag Tambar har stillt i serien, der trenaren hovudsakleg har satsa på spelarar frå eigen klubb. Men nokon innslag av den eldre garde vert det framleis å sjå på laget, og spelarar frå andre klubbar som vart knytt til klubben sist sesong vert å sjå på stadion også i år.

Laget har førebels planlagt treningskampar mot Fure og Eikefjord, og fleire treningskampar er under planlegging.

Terminlista for 5.divisjon avdeling 2 er klar, og Tambar startar sesongen på heimebane mot ein av avdelingsfavorittane, Selje. Kampen går på Naustdal stadion fredag 29.mars kl.19:00.

TERMINLISTE 5.divisjon avd.2


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse