Siste for Tambar i 4.divisjon

Tambar avslutta årets sesong søndag ettermiddag, då dei møtte Florø 3 i 4.divisjonsoppgjeret på Naustdal stadion. Dette var også lagets siste kamp i denne divisjonen for ei stund, då nedrykk til 5.divisjon har vore klart ei stund. Tambar holdt godt fylje med Florølaget i fyrste omgang. Florø 3 gjekk i leiinga i det 28.speleminutt, men berre minuttet seinare utligna Tambar etter scoring av Tore Klopstad. Begge laga kom til rimeleg store målsjanser i denne omgangen, utan å få nettkjenning. Dermed var det greit at spelarane kunne gå til pause med 1-1. I andre omgang tok gjestane meir over, og vann kampen fortent 7-1 etter å ha scora seks mål i denne omgangen.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse