Sju gutespelarar starta for a-laget mot Kaupanger

Ikkje uventa vart det også tap for Tambar då dei møtte Kaupanger i årets siste bortekamp fredag, men stemninga var slett ikkje dårlig av den grunn. Til pause kunne heimelaget gå i garderoben med ein 4-0 leiing, medan Tambar berre slapp inn to mål i andre, og dermed vann Kaupanger 6-0. Til kampen på Kaupangerskogen var det nok ein gong fråfall frå mange av dei «etablerte» spelarane til Tambar. Heldigvis har klubben flotte og lojale gutespelarar som ynskjer å hjelpe seniorlaget i dårlige tider, og heile åtte, av ein tropp på tretten, gutespelarar var med til Sogn og gjorde ein god figur. Heile sju gutespelarar starta kampen mot Kaupanger, noko som er det yngste a-laget Tambar nokon gong har stilt med. Mathias Gamlestøl, fyrsteårs gutespelar, fekk sin debut på a-laget denne kvelden, og starta kampen for Tambar. Med ei litt uvant rolle på bana, og med sommarfuglane som herja i magen, vart han vitne til at Tambar fekk tre kjappe mål imot tidlig i omgangen. Mathias gjorde ein god figur i første omgang, og endå bedre vart det då han kom inn i andre omgang. Med sin kjente plass sentralt på midbana fekk han utretta mykje positivt for laget. I tillegg til Mathias, starta desse gutespelarane kampen; Markus H.Cirotzki, Dawid Sokot, Daniel Heggelund, Aleksander F.Helgås, Martin Hukset og Jesper Tomassen. Thomas D.Personbråten sat på innbytterbenken. Etter dei tre kjappe måla imot i fyrste omgang, slapp Tambar seg meir laus ute på bana og fekk glimtvis vist bra spel. Feil blir det å sei at laget kom til mange sjanser, men nokre halvsjanser noterte vi på blokka, og med litt tur kunne det enda med Tambarmål då Kaupangerkeeperen vart sett på prøve. Men nok ein gong var det heimelaget som fekk ballen i nota, og kunne gå til pause med 4-0. I andre omgang var Tambar langt meir med på notane, og slapp heimelaget langt mindre til framfor målet til Markus. I tillegg var det meir offensiv vilje frå Tambar, som var frampå ved fleire høve og skapte trøbbel for Kaupanger sitt forsvar og keeper. Dessverre hadde ikkje laget marginane med seg, og laget måtte innsjå at laget måtte gå av bana utan nettkjenning. Alikevel var det ein godkjent andre omgang for det unge Tambarlaget som tapte denne omgangen 0-2, etter at Kaupingane scora i det 70. og det 91.minutt. Heldigvis hadde ungutane på Tambar med seg menn med hår på brøstet i denne kampen, som stort sett hadde ansvar i dei bakre rekker, med å rydde unna alle skyts frå skuddkåte Sogningar. Både Tor Emil Gjøringbø, Gunnstein Vefring og Eirik Skadal spela ein god kamp. Det gjorde også evigunge Torgeir Herstad på topp og Ole-Bertil Elvebakk som kom inn i andre omgang. I tillegg var Kristoffer Hundershagen tilbake frå skade. Han spela andre omgang, og laga i perioder kaos i heimeforsvaret då han brukte farten sin. Søndag 18.oktober spelar Tambar sin siste kamp for sesongen, då dei møter Florø 3 på Naustdal stadion. Dette vert også Tambar sin siste kamp i 4.divisjon for denne gong, etter at laget har vore i divisjonen i to sesonger. Frå og med november startar forberedelsane til spel i 5.divisjon for 2016-sesongen, der vi blandt anna får sjå meir til årets gutespelarar på neste års a-lag.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse