4.div: Tap mot Sogndal 3

Tambar åpna friskast i 4.divisjonsoppgjeret mot Sogndal 3 på Naustdal stadion fredag kveld, og kom til nokre halvsjanser dei fyrste minutta. Men også i dag blir laget straffa hardt for slurv og dårlige avklaringar i forsvar. Dette gjer at Sogndal 3 får tre lettkjøpte mål før halvtimen er gått. Eit praktfullt frispark av Vladimir Deletic får optimismen tilbake i Tambarlaget etter 31 minutter. Frå om lag 18 meter skrur han ballen forbi muren og ballen er klistra til stolperota til høgre for Sogndalskeeperen, og redusering til 1-3 er eit faktum. Tambar kjem meir med i kampen etter reduseringa, og skaper meir framover, utan at laget får utteljing. Dermed går laga til pause på 1-3 til Sogningane. Andre omgang starter slik fyrste omgang starta, Tambar var friske framover og sette forsvaret til Sogndal på prøve ved fleire høve. Men også i denne omgangen var det gjestane som var det mest effektive laget, i tillegg til at dei fekk fleire gåvepakkar frå vertane, kunne dei bokføre fire scoringar i denne omgange. For Tambar sin del stod det ikkje på sjansane, blant anna hadde laget ein ball i tverrligger, Sondre Herstad hedda over ei blank kasse frå fem meteren og Dan Joar Hoiås Vårdal fekk eit mål annulert på ein tvilsom dømt offside. 4.divisjon TAMBAR-SOGNDAL3 1-7 (1-3) Markus Cirotzki Torgrim Kolstad Østgård Eirik Skadal Gunnstein Vefring Espen Eithun Langedal Aleksander Fauske Helgås Vladimir Deletic Sigve Longvastøl Sondre Herstad Oddmund Varem Aardal Thomas Dobbe Personbråten Dawid Sokol Dan Joar Hoås Ole-bertil Elvebakk Torgeir Herstad

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse