Tap mot Sandane - måtte spele med 10 mann i andre omgang

Tambar sitt a-lag møtte på ny gå av bana med tap, då laget møtte Sandane på bortebane fredag kveld. Også til denne kampen hadde Tambar måtte gjere endringar i spelartroppen, og «Sandane-Liven» kommenterer det på dette viset: «Tambarskjelvar er blitt årets prugelknabe i 4. divisjon og kjem til Sandane med eit lag som har gjennomgått ei total utskifting det siste året. Kun Gunnstein Vefring er tilbake frå mannskapet som tapte 0-3 for Sandane for eitt år sidan.» Gunnstein & co hang godt med i fyrste omgang, kjempa godt og forsvarte seg bra. Sandane gjekk i leiinga med 1-0 etter halvtimen spelt, noko som også var pauseresultatet. Men det kunne fort stått 1-1 til pause då Tor Emil Gjøringbø brende av frå 20-30 meter. Keeper Gimmestad måtte gi retur på det gode skotet, og fekk etterkvart kontroll på ballen. Firda-Liven skriv blant anna dette til pause: «Det har vore spel mot eitt mål omgangen igjennom, men Tambarskjelvar har hatt eit hardtarbeidande midtforsvar med ein god sisteskanse i Markus Cirotzki.» I andre omgang fekk Tambar eit mål i fleisen etter berre to minutter ut i omgangen. Og når Andreas Vatne fekk sitt andre gule kort fire minutter seinare, og Tambar måtte spele med ti mann resten av kampen, vart det for hardt å halde imot aggresive Sandanespelarar. Med nye scoringar til heimelaget i det 52., 59., 72. og 90.minutt, enda kampen til slutt med 0-6 tap. Tambar: Markus Hjelle Cirotzki, Andreas Vatne, Tor Emil Gjøringbø, Lars Ingar Kalland, Gunnstein Vefring, Martin Hukset, Torgeir Herstad, Jørgen Engebø,. Eirik Skadal, Jesper Thomassen, Sigve Longvastøl. Benken: Ole-Bertil Elvebakk, Aleksander Helgårs, Kenneth Nøstdal. Fleire sitat frå «Sandane-Liven»: «Tambarskjelvar kontrar og det endar med eit langskot utanfor.» «Fin kontring av Sandane. Andreas Vereide flikkar fikst vidare retning Thomas Dyrrdal, men Gunnstein Vefring får ein fot på ballen.» «Fine takter av Sandane. Godt skot av Jonas Løvland, som Cirotzki reddar strålande.» «Frispark Tambar, litt ute på kant. Blir slått inn i feltet, der klarerer Sandanes forsvar.» «Tambarskjelvars forsvar må belage seg på ein travel kveld.» «Innlegg til Thomas Dyrrdal, han får vendt seg i feltet og skyt - Cirotzki kjem ut og reddar med ansiktet.» «Flott Sandaneangrep: Krøvel - Aa - Vereide. Corner. Den blir lagt fint inn, men der regjererer Markus Cirotzki.» «Kyrre Vereide Kroken til lina og legg inn. Rett i klypene til Markus Cirotzki, som har opna kampen svært godt.» «Tambarskjelvar med flott kontring. Tor Emil Gjøringbø er under press, så avslutninga blir ikkje av den vanskelege sorten.» «Tambarskjelvar har kjappe folk på topp. Vinn innkast. Ballen ut til Skadal som forsøker skot frå vel 20 meter. Gimmestad fistar ballen til corner.» «Laga går til pause med ei fullt fortent Sandaneleiing. Heimelaget slit med å få ballen i mål, og lever såleis farleg. -Vi spelar Tambarskjelvar gode, er oppmann Trond Salveson sin kommentar i det han passerer.» «Frispark Tambar på midtstreken, og mannskapet kan flyttast opp. Gunnstein Vefring slår høgt inn i feltet, det blir nikka ut. Frå 30 meter skyt Tambars mann på venstre flanke - i tverrliggaren og ut!» «Tøft for Tambar, som må spele med ein mann mindre.»

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse