A-laget tapte borte mot Vik

Tambar sitt a-lag tapte bortekampen mot Vik i den 16.serierunden i 4.divisjon søndag ettermiddag. Kampen enda til slutt 5-0 til heimelaget, etter 2-0 til pause. Tambar hadde nok ein gong fleire fråfall til denne bortekampen, ein kamp mellom dei to laga som ligg nederst på tabellen. Med berre reservekeeper på benken til Tambar, vart det ikkje uventa tøft mot fysisk sterke Vikjer både i angrep og forsvar. At heimelaget vinn kampen, er forsovidt heilt greit, dei vinn heilt fortent. Men Tambar, som også denne gongen stilte med fleirtal av gutespelarar og fyrsteårs a-lags spelarar, la ned eit godt stykke arbeid. Og med litt meir tur, kunne laget fått seg eit mål på dei tre-fire sjansane laget hadde i kampen.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse