A-laget i motvind

Tambar sitt a-lag seglar for tiden i motvind, noko dei forsovidt har gjort store deler av denne sesongen. Men ikkje har motvinden vore så kraftig som no, der klubben i dei siste kampane har hatt vanskar med å i det heile stille lag. Studier for ein del av spelarane, er noko av forklaringa til mannefallet no i haust. I tillegg har nokre spelarar slitt med skade, og ikkje vore disponible i dei siste kampane. Dette er sjølvsagt «krise» for Tambar, som frå før har ein tynn spelarstall. På bakgrunn av dette har laget fått nokre stygge tap den seinare tid, blant anna tapte laget 0-14 mot Skavøypoll forrige helg. Mot Førde 2 på Naustdal stadion søndag ettermiddag, måtte laget på ny gå av bana med stortap. Tapet vart på langt nær så stort som i Nordfjord, men 0-6 er nok surt å svelje for det unge Tambarlaget. Vi håpar fleire av dei studerande og dei skaderamma er klar til neste kamp, og kampar utover hausten. Neste kamp er på søndag, borte mot Vik.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse